Health District in Norway norsk info: Helse Førde har ansvar for spesialisthelsetenesta i Sogn og Fjordane. Dei fire kjerneområda er: Pasientbehandling Utdanning av helsepersonel Forsking Opplæring av pasientar og pårørande Føretaket er organisert i tverrgåande klinikkar. Helse Førde har helseinstitusjonar med om lag 2200 tilsette over heile fylket. Helse Førde er eitt av fem helseføretak i regionføretaket Helse Vest, med administrasjon i Stavanger. Dei andre føretaka på Vestlandet er: Helse Stavanger Helse Fonna Helse Bergen Apotekene Vest, som er alle sjukehusapoteka. Helsedepartementet styrer dei fire regionale føretaka. Helse Vest Helse Midt-Norge Helse Sør-Øst Helse Nord Helse Førde sine institusjonar Helse Førde desse klinikkane: Psykiatrisk klinikk, Kirurgisk klinikk, Medisinsk klinikk og Divisjon for intern service. Føretaket har institusjonar i kommunane Lærdal, Sogndal, Høyanger, Førde, Flora og Eid. I tillegg har føretaket ambulansestasjonar rundt heile fylket. Helse Førde har om lag 2200 tilsette og eit budsjett på om lag 2 milliardar kroner.